Posts Tagged ‘bak’

Eg tilstår elefantdrømmetvitring

mai 13, 2010

Drøm kom på bloggen: Rolege elefantar er plasserte i båsar, den siste kvit og aggressiv. Ho må trekke seg unna. Han kan trampe henne i hel. 8:53 PM May 11th

Kva er ein elefant? Ein elefant er ikkje ein elefant. Alle har sin eigen elefant. Eg ventar på hennar. Eg kjem på min, eller mine! Minst to! 9:05 PM May 11th

Plutseleg er det elefantar i kveldssamtaler og morgontankar. Ein Royal Elephant med Charisma Cologne kjem fram frå hylla og ser nedtrykt ut. about 16 hours ago  

Dei gråbrune elefantane står rolege på kvar sin bås. Ho stryk dei lett på baken. Ein og ein og ein. Den kvite elefanten kan ho ikkje klappe. about 15 hours ago    

Kva er det du gjer? Eg tek drømmen hennar og skriv han gjennom meg, og ut kjem ein bitte liten elefant og ser på meg. Kva er det du gjer? about 15 hours ago

“Men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa”

mai 13, 2010

Så kom meldinga frå  ho som hadde elefantdrømmen. Ho skriv:

«Eg forbind ein elefant med eit kraftdyr, eit stødigt trygt dyr. men elefantar skal ikkje vera plassert i båsar. dei er frie dyr som skal gå i naturen. Eg har vore i nærkontakt med frie elefantar, dei går ”innunder huden” på meg, fantastiske dyr. stødige gode dyr. men dei skal ikkje tergast for då vert dei sinte og ein er ikkje lenger trygg på kva dei kan finna på.
Tilbake til draumen: det stod ein og ein elefant i båsen, eg ser ikkje noko omgivelsar for meg. eg forstår ikkje kva dei gjorde der. eg stod bak dei og strauk dei lett på baken. det var naturleg elefantfarge på dei, gråbrun. men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa på baken. den vart sint, uroleg og tydeleg at den ikkje ville vera i ein bås, trur det var for trangt for den der. nokon triggar det som er naturleg for ein elefant. og eg kjende at her er det farleg å vera. denne elefanten er utrygg.»

Ja, da veit vi meir om elefantuniverset til denne kvinna. Her har vi på den eine sida noe som er kraftig, stødig, trygt, fritt, naturleg, fantastisk, godt. På den andre sida har vi å vera i bås, at det er trongt. Mellom desse veremåtane blir det klar konflikt. Når det frie, naturlege, sterke blir hindra, fører det til uro, utryggheit og sinne. Det er ikkje lite sinne heller.

Konflikten er så sterk at det er farleg, livstrugande (kan bli trampa i hel!). Lett klapping på baken monnar ikkje her, snarare tvert imot! Vennleg og neddempande åtferd fungerer ikkje! Her skal det nok noe anna til! Og det ser ut til å vera heilt nødvendig. Varslar drømmen om at det er fare på ferde?

Det er jo enda ein kontrast i denne drømmen: mellom dei vanlege gråbrune og den som skil seg ut, mellom dei mange og den eine, mellom dei som er rolege i båsane sine, og den som ikkje vil vera i bås.  Slik sett får vi demonstrert to måtar å forhalde seg til det tronge og unaturlege på.  

Ikkje veit eg om kvinna kjenner att desse konfliktane frå livet sitt, men det er ikkje utenkjeleg. Iallfall har ho frie elefantar innunder huda; det er litt av ein ressurs!  Kanskje treng ho av og til å hente styrke hos den sinte kvite elefanten sin?

Eg drømte i natt

mai 10, 2010

nei, ikkje at eg låg og eg datt. Eg drømte at eg var på sykkel. Framafor meg er ein gut på sykkel med veslebror sin bak, ein veldig liten veslebror. Det ser litt uttrygt ut. Eg snappar til meg den vesle guten utan at storebroren merkar det. Han syklar vidare. Eg blir litt bekymra for korleis han vil reagere når han trur at han har mista veslebror sin. Fyrst har eg guten bakpå, men så tek eg han godt inn i fanget mitt. Han er liten og varm.  Eg syklar på ein liten barnesykkel, kanskje trehjulssykkel, og det kjennest rart, men det går. Det er nedoverbakke. Vi kjem til ein kvass sving. Det blir lenger enn nødvendig dit eg skal, dersom eg held fram rett framover. Det er snø og skiløyper i vegen nå, utan at det gjer noe spesielt med syklinga. Eg tek svingen greitt og er nå i ein svak oppoverbakke.