Posts Tagged ‘avvise’

Hund er best

oktober 4, 2010
                          
Ei kvinne skriv dette:
                                                   
Du spør etter dyredraumar, og for eit par netter sidan kom denne draumen til meg:
                
Eg er på besøk hos ei venninne, ho har 2 hundar og ei datter. Eg får ingen kontakt med venninna mi fordi ho gjev all oppmerksamhet til hundane, dattera hennar kjem og i bakgrunnen. Ho seier at hundane er hennar beste vennar, og ho har ikkje plass til meir i livet sitt. Det vert tydleg for meg at ho har valt hundane og har ikkje plass til meg, så eg kan ikkje ha ho til venn lenger, ho har ikkje plass. 
 
I same draumen møter eg og ei anna venninne som ser på alt som verdifullt, ho tar nokon gamle utbrukte gaflar og bøyer dei så får dei eit nytt bruksområde, eit oppheng for klær. Her opplever eg at alt er mulig og alle har lik verdi, ein god optimistisk følelse.
 
Mens i hundesekvensen kjennner eg at eg er avvist, ikkje plass til meg. Trist å oppdaga dette, kjenner og på tristhet i forhold til dattera som står heilt i bakgrunnen.
 
(Avsnittinndelinga er mi.)
                                                      
«Eg» i denne drømmen har god kontakt med kjenslene sine, og drømmaren ser tydeleg kontrasten mellom dei to måtane å relatere seg på, og veit korleis ho synest det er best. Det handlar om å avvise og bli avvist, om å rangere og å sjå verdiar. Vi ser relasjonar mellom kvinner: venninner, mor-dotter.
  
Er det så meir å oppdage i denne drømmen eller gjennom denne drømmen? Kanskje det. Men det er ikkje opp i dagen. Eg spør drømmaren:
                                     
Kunne du tenkje deg å gå inn att i denne drømmen, altså førestelle deg at du er der att med venninna og hundane og dottera. Så kunne du spørja venninna kva det er med desse hundane som gjer at dei er dei beste vennene hennar. Du kan eventuelt gjera det på den måten at du byter rolle med henne og svarar på spørsmålet. Du kan gjerne flyteskrive med utgangspunkt i dette. 
                              
Kan svaret vera opplysande? Har hundar eigenskapar som du kunne tenkje deg å ha noko av (som venninne, mor, dotter)? Treng du at andre (venninne, mor, dotter) har slike eigenskapar? Eller er det tvert imot?
                         
Du kan også gå inn i drømmen på ein annan måte: Kva kan du tenkje deg å seia til denne venninna? Om du er dottera, kva vil du seia til mora da? Korleis ville det vera om ho med hundane og ho med gaflane møtest? Kva slags samtale kunne utspela seg?
                   
Har du lyst til å prøve noko av dette? Andre kan også prøve! Rapporter gjerne til bloggen!
                            
Med vennleg helsing frå ei som aldri har hatt hund, men den hunden ho lånte og gjekk tur med ein periode, hadde sanneleg visse eigenskapar som ho likte godt!
 

Mann møter mann

september 12, 2010

Ein mann skriv:

Som en person med lite interesse erotisk for menn opplevde jeg i en drøm at en mann kanskje litt yngre enn meg på et sjekkested gav meg en gave, bl.a. sjokolade, som riktignok bare stilltiende signaliserte at det lå i kortene at vi skulle ha natten sammen. Det var denne personen som tok initiativet og ville gi meg en gave. Det var ikke uten betenkelighet at jeg tok imot, selv om jeg burde avvist gaven. Det ble ikke sagt stort før han ble opptatt med noe annet. Men jeg var sikker på hva gaven betydde og at jeg ville snart få møte ham igjen. Og det bekymret meg at jeg ikke hadde vært ærlig. Men tiden gikk, og jeg ventet han snart skulle dukke opp. Men da var det ikke han som kom, men en person med et kvinneansikt, men jeg forsto med en gang at hun kom i stedet for ham på måten hun lot blikket falle på meg. Jeg var forundret og lettet. Drømmen sluttet før det ble noe mer klarhet om hva som nærmere skulle skje.

Både menn og kvinner har maskuline og feminine eigenskapar. Når ein heterofil mann har ein drøm som handlar om intimt møte med ein annan mann, tenkjer eg at det handlar om å møte sin eigen maskulinitet og utvikle den. I dette tilfellet er det ein balanse på den måten at han møter både maskuliniteten og femininiteten og opplever tett samanheng mellom desse to.

Mitt forslag til drømmaren er at han skal gå inn att i drømmen og gjenoppleva møtet med mannen og prøve å finne ut meir om han, eventuelt flyteskrive. Korleis ser han ut? Kva seier han? Kva gjer han? Kva gir han meir enn sjokolade? Det er iallfall ein mann som gir, og som tek initiativ.

Kanskje seier ikkje drømmen meir om mannen. Men det går som vanleg an å spinne vidare på drømmen: sjå ting for seg, la ting hende som om drømmen heldt fram.

Korleis ville det vera å møte att denne mannen? Korleis ville han oppføre seg? Kva kunne han fortelja om seg sjølv? Drømmaren kunne stille han spørsmål, f.eks.: «Korleis er du ulik meg?»

Ein slik måte å bruke drømmen på kan føre til at drømmaren får meir å ta tak i. Viser det seg ei side av maskuliniteten hans, som han kunne ha glede av å utvikle meir? Og av femininiteten?