Eg klipper frå Dag og Tid, 2. juli i år, «Ord om språk», språkspalta til Kristin Fridtun:
«Før i tida tenkte dei seg at draumane kunne fortelja viktige ting om framtida og lagnaden vår, og fylgjeleg var draumar noko som kom «utanfrå» ein stad. Draumane var ikkje noko me «gjorde» eller laga i stand sjølve; dei mest som kom til oss og synte seg inni oss. me kan seia at språket spegla denne førestellinga, for på norrønt er det slik at den som drøymer, står i objektform. Det me drøymer, står òg i objektform – det er ikkje noko subjekt til dreyma.
I norrøn tid sa dei «mik dreymir», det er «meg drøymer». […] No seier me «eg drøymer». Kvifor seier me eg og ikkje meg? Me har langt ifrå vorte fullkloke på kva ein draum er, kvar han kjem ifrå, og kvifor me drøymer. Det er vel oppi hjernen det heile går føre seg, men drøyming er vel like fullt ei verksemd som me ikkje styrer sjølve? Kan henda er det natta sjølv som sender draumar til oss: I eddakvædet Alvíssmál er draumnjórun («draumspinnar») eit anna ord for natt. Kven veit?»