Posts Tagged ‘øy’

Frå augekroken

mai 11, 2010

 

Skal ho symje frå den eine augekroken til den andre? Da kjem det godt med å vera symjedyktig. Og kan ho gå i land på den kvite øya? Det veks ingenting der, men det trengst ikkje heller. Ho kan ligge på den glatte øya og strekke seg ut under himmelen. Det er vel ein himmel? Det er ikkje ein feil at det er ei øy der, det er snarare som det skal. Ei øy er noko å halde seg til. Ho har sanneleg noko å halde seg til. Somme et saueauge, det gjer ikkje ho. Men ho kan symje frå augekrok til augekrok, og det er ingen tårer å tørke. Ho har aldri hørt om drukning i saueauge, spesielt ikkje når det er ein liten holme midtvegs. Det er kanskje ikkje lett å koma i land, og kva skal ein eigentleg finne på der? Det blir vel til at ho held seg her ute. Men når ho kjem på at heile søya er ute av soga, så blir det nokså usikkert likevel.