Skrive til person i drøm

Kva «betyr» denne drømmen, kunne eg spørja? Kva symboliserer den vesle guten i drømmen min natt til 10. mai 2010? Og ja da, eg kan svara på det! Men eg vil heller bli nærmare kjend med han, la han utfalde seg, la han vise meg kven han er. Og så begynner eg berre å snakke med han, eller denne gongen skriv eg til han. Eg berre skriv og skriv i flytande fart ei lita stund. Og kva skjer vel ikkje!? Vi får stor sykkel og hamnar heilt ute ved havet. Og det viser seg at han har appetitt på livet, er open for mangt, er nysgjerrig og modig og ikkje redd for store rom og fremmende ting! Du store min, for ein instans å ha hos seg, i seg, i emning! Denne guten må eg sanneleg kontakte når det røyner på! For eksempel. Eg seier ikkje meir. Prøv sjølv! Og eg er nysgjerrig på kva som hender med deg der ute eller der inne. (Sjå blogging 10.5.10 og tvitring frå same dagen: https://twitter.com/tordisirene)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: