Drømme og skrive (studenteksperiment)

Å drømme er å la det rare skje, å hugse drømmen er å la det rare koma fram i dagen, å skrive er å  finne det som ikkje er der.

Å drømme er å høre fuglar flyge inn frå ukjend verd, å skrive er å sende kvite fuglar ut i nattesvart (Tor Jonsson-nestensitat).

Den som drømmer, og den som skriv, kan forandre og forvandle. Kva med å bli ei rose som snurrar rundt saman med andre roser i eit stort auditorium? Kva med å falde seg ut og få god plass til det sarte rosa og det mørke grøne og tornane og alt?

Eg har skrivi ti historier om seks studentar. Utgangspunktet for historiene er nattedrømmar og appetitt på livet og ønske om forandring.

Å vera student er tusen ting. Det er å vera ein spesiell stad i livet, og det er å vera menneske: Det er å velja god retning, passe inn, vera flink og rask, få arbeidet til å flyte, det er å fokusere, fungere i grupper, vera seg sjølv saman med andre, få studiet og livet til å henge saman.

Det går stille og greitt og fint, og det sprett flott av garde, andre gonger buttar det imot eller stoppar heilt. Kva kan ein gjera med det og mot det?

Kvifor fortelja historiene om desse studentane og drømmane deira? Eg vil vise kjelder til lyst og glede og verktøy for forandring. Det er kjelder og verktøy av dei mindre brukte: å finne ut av det ved å finne inn i det. ”Inn i det” er i dette tilfellet å ta fatt i og utfalde dei indre forteljingane og bilda, dei som kjem som gåver om natta. Utfaldinga inneber å få drømmane ut i språket, laga språklege ting av dei, f.eks. referat, samtaler, dikt og forteljingar og brev og kva vi måtte finne på av kjende og underlege tekstslag. Og så kan ein ta tekstene inn og undersøke dei og reagere på dei og få visdom og rettleiing av dei og la dei yngle og bruke dei som oppkastmiddel eller styrkedrikk og glede seg over det ein har laga, kanskje endatil gi bort tekster til jul? Etterpå er ikkje alt som før, så pass kan eg lova.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: