Bruke Twitter på drøm
Ein drøm er ikkje ei tekst. Ein drøm kan bli til ei tekst. Å fortelja drømmen er ein måte. Det finst tusenvis av andre måtar. Formene du bruker, får fram forskjellig. Alle avgrensingar gir ein fridom.
Twitter-forma er enkel og streng og veldig fri. Du kan gjera kva som helst, men innafor 140 teikn! Det kan bli i slekt med haiku, der også det stutte er avgjerande. Kva kan du gjera når du har eit stoff og berre 140 teikn? Du kan oppsummere, hoppe frå tuve til tuve, du kan komprimere, laga kjempesterk ekstrakt (som pulverkaffi!). Du kan zoome inn, du kan ta ut landskapet eller ein person eller ei hending eller handling, eller du kan ta ein tilfeldig bit og gå inn akkurat der, eller du kan søke deg fram til eit stikkande punkt. Du kan laga eit framhald eller noe anna frittgåande. For eksempel.
Når ein liten ting får stor plass, ser du han tydelegare.
Og så kan den vesle teksta stå der åleine. Ja, det går an å klikke ho fram så ho står der for seg sjølv. Eller teksta kan stå der saman med andre små tekster før og etter. Samanheng her og samanheng der? Kontrastar og kollisjonar? Forandringar som skjer frå tekst til tekst?
Og den vesle teksta hoppar ut i verda. Noen der ute følgjer med og ser. Ho kan endatil bli henta inn av andre! Ho kan få reaksjonar på seg!
Slik er det med tvittertekster, og slik er det med drømmetvittertekster. Drømmen får språk å gå på, og kanskje kjem han ein stad der det er andre drømmar, eller der noen kan bruke han til noe. Kven veit?
Ein drøm blir vanleg fortald i bloggen 10.5.2010, deretter kjem ei flyteskriving . Ut av desse to kom det to tvitrete småtekster same dag:
På barnesykkel (trehjuls?) i rask nedoverbakke, smågut tett, godt, litt utrygt i fanget. Snø og skiløyper, kvass sving svakt oppover.
Sykle til havet, veslegut? Til blomar og bølgjer og fiskar og myhank og kven vi finn? Fiske kvitting og tvitting? Nei, nå går det for vidt!
Legg att eit svar