SIDER OM DRØM

Sidan 1996 har eg arbeidd sterkt med drømmar. Har skrivi ned kanskje ca. 4000 av mine eigne og arbeidd med mange av dei. Tok utdanning i dreamworking ved Institutt for drømmearbeid hos den amerikanske psykologen Strephon Kaplan Williams frå 1996 av, eksamen i 1999. Frå 2001 studerte eg kunstterapi ved Institut for kunstterapi i Danmark, eksamen i 2004.

Mi interesse for drøm har eg knytt sterkt saman med interesse for skriving og for tekster og særleg skjønnlitteratur. Eg er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Oslo, før det var eg høgskolelektor ved Sagene lærarhøgskole, og har særleg arbeidd med norskfaget i praktisk-estetisk samanheng. Spesielt har eg utforska mye på tvers av fag saman med høgskolelektor i kunst og handverk Nanna Paalgard Pape. Dessutan har eg heile vegen vori interessert i skriving med studentane: å setta i gang skriving, å følgje skriveprosessar, å respondere på skriving undervegs og til slutt, å bruke tekstene i ymse samanhengar vidare.

Blogging og tvitring opnar for nye mulegheiter. Nå går det an å publisere på enkle måtar, og det gåe an å trekke andre inn i prosessane. Her kan ein prøve ut ting og få tekster og tankar ut blant andre. Vi får sjå korleis det fungerer. Men i alle fall  har eg begynt å legge ut sider som handlar om arbeid med drømmar. I sjølve bloggen kan eg legge ut eksempel på drømmar og på tekster som kjem ut av drømmar.

Eg er glad for kommentarar, spørsmål, bidrag av ymse slag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: