Archive for the ‘«I det blå»’ Category

Kommentar til blå drøm

august 23, 2010

Ein mann tek imot den blåe drømmen:

«Drømmer er til for å få et større perspektiv på livet, og det gjør denne
drømmen.»

Få ein annans blåe drøm

august 20, 2010

Eg er heldig som får høre andres drømmar. Slik kan eg koma nær andre, og slik kan eg koma nær meg sjølv, og verda blir større og meir fargerik. Nå har eg fått eit blått bilde av denne unge kvinna. Når eg gjer det til mitt bilde, kjenner eg at det er eit bilde som kan gi fred og mot, eit bilde som opnar for noe stort. Kanskje er ikkje livet så forferdeleg komplisert likevel? Eg har ein kropp, og elementa er rundt meg, og eg har retning, og eg kan ta inn det som er.

Har du ein drøm å gi bort? Vil du ha ein drøm?

I det blå

august 20, 2010

Ei ung kvinne fortel ein drøm ho hadde for eit halvår sidan:

Ho vassar i sjøen, på sandbotn, utover mot havet. Både sjøen og himmelen har vakre blåfargar.

Ho hugsar drømmen som ein deilig drøm og «en betydningsfull drøm som jeg stadig tenker tilbake på».  

Ein enkel drøm? Ein storslått drøm, vil eg seia. Reine liner, store flater, ikkje noe krimskrams. Edvard Munch-aktig kanskje. Eg spør henne, og ja, ho kjenner sanden under føtene og vatnet mot kroppen, men mest av alt er ho opptatt av desse blåfargane. Ho kjenner og ser. Ho har kroppen sin og alt omkring. Ho er på jorda og i vatnet og i lufta og under himmelen – i fleirfaldige element. Ho går framover og tenkjer ikkje på kva som er bak.

Kva slags erfaring har ho med blått? lurer eg på. Kva kjem ho på av blå saker i livet sitt? Når treng ho blåfargar? Kva er veldig ulikt blått? spør eg. Kan ho svara kjapt og ugjennomtenkt på dette? Eller sakte og roleg? 

Dette må vera ein drøm å glede seg over. Kanskje treng ho somme gonger å hugse at livet er godt? Da kan denne drømmen gi henne eit styrkande bilde å ta inntil seg: Så stort og nært og vakkert er livet også! Korleis vil det vera å setta inn denne «medisinen» når livet kjennest heilt annleis – dersom det inniblant altså kjennest heilt annleis? Korleis kunne det vera å begynne dagen med å tenkje eller kjenne seg inn i denne drømmen?