Archive for the ‘«Helikopter, mann, bæsje»’ Category

Kva blir heilskapsbildet?

juni 14, 2010

Ho som har drømt dei fem drømmane i serien under, lengtar etter oversikt og heilskap. Nå kan vi slå saman alt godt om ”eg” i drømmen:

Ho legg merke til ting.

Ho kjenner på viktige ting.

Ho reflekterer.

Ho stiller gode spørsmål om grunnar – grunnleggande spørsmål.

Ho undrar seg og undersøker.

Ho kan merke kva ho føler.

Ho kan akseptere at ho ikkje liker alle.

Ho er nærverande og kjærleg.

Ho gir den andre anerkjenning.

Ho lærer av andre.

Ho kan fungere saman med andre.

Ho samarbeider.

Ho ordnar fornuftig for seg og andre i samarbeid.

Ho er tillitsfull.

Ho vil bidra til fellesskapen.

Ho planlegg og administrerer.

Ho har kontakt med framtida.

Ho er oppfinnsam.

Ho har auge for det som er fint.

Ho kan glede seg.

Ho deltek i fest.

Ho gjer det som trengst.

Ho gjer uvanlege og dristige ting.

Ho vågar å gjera risikable ting.

Ho er på veg til noe.

Kva synest drømmaren om dette, monn tru? Kor mye har drømmaren felles med ”eg”-personen? Den som drømmer, og ”eg” i drømmen er jo ikkje akkurat den same, men likevel.  Kan ho ta inn dette? Trur ho på det? Kan det hjelpe på kjensla av å ikkje kunna noe av det ho gjer? Vart det store stoffet meir oversiktleg?

Dersom det framleis kjennest stort og uoversiktleg, så kan ho jo zoome inn sterkt: ta ut tre av setningane over, kanskje tre setningar som ho liker spesielt godt, byte ut ”Ho” med ”Eg” og bruke tid på å ta dei inn, seia dei høgt for seg sjølv eller skrive dei stort på eit ark f.eks. ”Så enkelt er det.”

Helikopter, mann, bæsje

juni 14, 2010

Den andre drømmen i denne serien er om helikopter, ung mann, å bæsje:

 ”Eg” er i eit helikopter saman med fleire. Det er ein ung mann der som ”eg” ikkje liker. Ho må på toalettet og bæsje.

Kva er det ”eg” i drømmen får til denne gongen?

Det går an å prøve å svara sjølv før ein ser på kva eg tenkjer!

Eg tenkjer:

Ho kan fungere saman med andre.

Ho kan merke kva ho føler.

Ho kan akseptere at ho ikkje liker alle.

Ho gjer det som trengst.

Start i livsproblem

juni 14, 2010

Eg har føre meg drømmar frå ei kvinne som formulerer sterkt og tydeleg kva ho strever med i livet nå (sjå førre innlegget). Eg kan ordne og oppsummere det slik:

  • Ho synest ikkje ho kan noe av det ho gjer.
  • Ho vil vera ein god leiar.
  • Ho treng å fordele ansvar på fleire.
  • Det er for mye for henne.
  • Det er uoversiktleg.
  • Ho tek på seg for mange oppgåver.
  • Ho har ikkje lyst til å snakke med folk.
  • Ho kjenner seg negativ.
  • Ho er utsliten.
  • Ho kjenner behov for å flykte frå problema.

 Eg vil tru at dette er til å kjenne att for andre, heilt eller delvis?

Eg ser at ho er ei som bruker å ta ansvar, og det ser ut til at livet er uoversiktleg for henne, ho tek på seg for mange oppgåver, ho er utsliten. Da er det kanskje ein god ting å få ta imot ordnande hjelp? Ho kan få lov å gi meg ansvar! Ho treng sannsynlegvis at det kjem noe enkelt og oversiktleg ut av drømmestoffet.

Ein enkel ting å gjera, er å sjå på handlingane som ”eg” i drømmane gjer. Og det kan gjerast enda meir avgrensa: sjå på kva ”eg” kan og får til. Dessutan kan drømmane refererast i litt forkorta form. Overskrifter er også ein ordnande faktor.

 Nå gjer eg dette for henne, sjølv om det hadde vorti annleis med innspel frå henne heile vegen.

Uoversiktleg drømmestoff?

juni 14, 2010

Ei kvinne sender inn fleire drømmar og er visst ikkje berre glad for denne rikdommen! Ho får ikkje oversikt og treng hjelp. Normalt legg eg ikkje løysingar opp i fanget på den som har drømt, for eg meiner jo at drømmaren veit best. Men denne gongen er eg på glid.

Kva kan ein gjera med eit stort og uoversiktleg drømmestoff?

Det er alltid veldig mye ulikt ein kan gjera med drømmar, men med dette utgangspunktet kjem eg på desse alternativa:

  • Slå ned på ein drøm, kanskje berre eitt punkt i drømmen, og legg resten til sides inntil vidare.
  • Finn eitt viktig punkt i kvar drøm, trekk eventuelt ein tråd etterpå.
  • Lag seg ei veldig avgrensa oppgåve: f.eks. sjå på drømme-ego sine handlingar gjennom desse drømmane.
  • Ta utgangspunkt i livsproblem og sjå drømmane i lys av dei.
  • Få hjelp av andre.