Archive for the ‘«Elefant i bås»’ Category
september 30, 2010
Nei, eigentleg var det dyr eg etterlyste nå nyleg. Fleire dyr ville eg ha! Elefanten skulle få vera i fred ei stund, sa eg i mai. Da hadde vi ein heil serie om denne elefanten som var på bås. Men det er ei glede å rapportere frå den kanten:
Eg føler at eg er på veg til å ta den kvite elefanten ut i verda, eg held den i snabelen så han ikkje skal vera så redd. Me utforskar det me treffer på vegen i lag.
Så bra kan det gå!
Stikkord:bås, dyr, elefant, etterlyse, fred, kvit, mai, redd, redsle, snabel, utforske, veg, verda
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
september 27, 2010
Eg vart så oppliva av denne godarta bjørnen som kom inn i drømmen min at eg begynte å tenkje på fleire dyr. Frå før har vi elefantar og ei løve i bloggen, ei geit og ein prinsete frosk. Er det ikkje fleire?
Ikkje mange sauer. Det må eg rette på, for sauer er det både høgt og lågt. Schrødingers katt får vel ikkje reknast med? Kanskje kan ei voggevise lokke fram nokre fleire dyr ? Betre tidleg enn aldri:
God natt, god natt, no er det tid for alle små å drøyme. Snart luskar reven fram frå hi, kvar skal seg haren gøyme?
Det er fleire dyr i visa, både små og nokså store, eit temmeleg bråkete dyr er det der òg. Eit par generasjonar har sovna til denne songen. Kvinneleg forfattar. Svensk folketone. Kven veit?
Og kven har eit drømmedyr å by på? Du med alle elefantane f.eks., har du heilt dyrelause netter nå?
For min del lovar eg å gjera mitt beste. Eg skal tenkje ut eit høveleg dyr rett før eg sovnar. Eg skal tenkje det inn. Ok?
Stikkord:aldri, bjørn, blogg, bråkete, drømmedyr, dyr, dyrelaus, elefant, folketone, forfattar, frosk, geit, generasjon, godarta, hare, katt, kvinneleg, løve, liten, lokke, lova, luske, natt, prins, prinsete, rev, sau, søvn, sova, sovne, stor, svensk, tid, tidleg, tone, vise
Posta under "Bjørn i huset", "Elefant i bås", "Klappe løve", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 3 OM DIKT, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 19, 2010
(Framhaldssoge «om elefant i bås», starta 11. mai)
Kvar var elefanten før han vart plassert i båsen? Ho som drømte han, ser ein utydeleg ørken i forhistoria hans, og så oppsummerer ho:
«dette vart svært lærerikt og oppklarande for meg, med spørsmåla du gav meg spesielt det siste der eg skulle svara raskt. føler no at draumen er komen i hamn.»
Vi har styrt fælt med den kvite elefanten nå ei stund.
Ja, vesle elefant, vi kan sleppe taket, og du skal ikkje ha rampelyset på deg heile tida; du skal få lov å ha ull rundt deg.
Kanskje kan ho som har drømt deg, etter kvart finne ut meir om kva slags liv du hadde før du kom i båsen? Og kva slags liv er det du vil ha om du kjem ut av båsen? Den som har fått deg inn, kan vel også få deg ut. Den tilliten kan vi ha til henne. (Ho kan fabulere med rask flyteskriving. Kunne det vera styrkande for henne å laga seg konkrete bilde på det frie elefantlivet? )
Men nå har du vori sint og lei deg og kjempa i denne tronge båsen og tenkt og oppdaga ting og vorti sterk og glad og modig og snudd på deg. Eg trur det er på tide med litt fred og ro. Og så får vi sjå – eller kanskje får vi ikkje sjå meir. Det er i orden, det, vesle elefant.
Stikkord:elefant, elefantliv. glede, flyteskriving, fred, lei seg, mot, raskt svar, ro, sinne, spørsmål, styrke
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 16, 2010
I dag tidleg fekk eg veta dette:
«Den som har plassert elefanten i båsen er eg. ikkje løye den er sint på meg. eg vil klappa den bak, men han vert sint. og det er trongt i båsen, kor er eigentleg heile verden utanfor båsen. eg ser den ikkje. kjennest som elefanten er aleine i verda. d.v.s. at det er kun han og eg her, utan kontakt med det rundt. i grunnen ikkje rart når eg først oppdaga at det er slik det er.»
Eg hadde lagt inn eit spørsmål til drømmaren kven som hadde plassert den kvite elefanten i båsen, og bedt henne svara fort utan å tenkje seg om, det fyrste som fall henne inn. Og sanneleg kom den hemmelege kunnskapen fram!
Stikkord:åleine, elefant, hemmeleg, klappe, kontakt, kunnskap, sinne, skurk, trongt, verda
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 15, 2010
Nå er det sanneleg ein snunad i elefantforteljinga! Det er ein ny fridom (trass i båsen), glede, vilje og tru. Teksta ser også ut til å ha ei forsonleg innstilling til at endringar ikkje skjer fort når vilkåra er som dei er. Elefanten er ikkje lenger i trampe-i-hel-modus, og utryggheita blir borte mellom linene? Den som vil og trur og har ein visjon om ei betre framtid, er ikkje utrygg?
Stikkord:alternativ, bestemme, elefant, endringar, framtid, fridom, glede, snunad, tru, utrygg, vilje, visjon
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 15, 2010
Kva er det med å vera i bås? Det er trongt, ufritt, utrygt. Det har elefantdrømmeskrivaren vist oss før. I kveld blir noe nytt uttrykt om bås-tilværet: Det inneber også å stå med ryggen mot verda. Det er å ikkje møte det som kjem ein i møte. Det blir ein konflikt mellom ønsket om å vera med i verda og å ha stengslar som hindrar det. Dette sett seg tydelegvis som vondt i kroppen.
Stikkord:hindring, konflikt, møte, ryggen mot verda, stengsel, trongt, ufritt, utrygt, vondt i kroppen.
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 15, 2010
Den kvite elefanten har vori sint og lei seg og er utrygg, og tårer var i ferd med å koma i går. Og så, i kveld kjem denne meldinga:
«elefanten er utrygg der han står med ryggen til verden i ein trang bås. elefanten tenkjer no at kvifor ikkje snu seg, då kan eg møta det som måtte koma meg i møte, med ryggen til verden får eg kink i nakken kvar gong eg skal prøva å følja med på kva som skjer i verden. Jippi, sei den litle elefanten eg skal snu meg – men det tar litt tid for ein elefant å snu seg i ein trang bås.»
Stikkord:elefant, lei seg, møte, rygg, sinne, snu seg, tårer, utrygg
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 14, 2010
Ja! Vi veit ikkje alltid allting med ein gong. Og den som får drømmen oppi fanget, slik eg har fått, veit iallfall ikkje alt. Det er meir ved ein elefant enn det som syner seg straks (omtrent som med oss andre!). Han utviklar seg dessutan: Han var sint og farleg, og nå er tårer på veg. Eg trur denne elefanten har mye å fortelja. Så da må vi gi han gode vilkår for forteljing. Eg er spent på kva som kan koma for ein dag.
Stikkord:elefant, farleg, fortelja, sint, tårer, utvikling
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 13, 2010
Ho som eig elefantdrømmen, melder:
«ja den kvite elefanten treng noko, i vert fall trygghet og frihet. kansje frihet gjev trygghet eller trygghet gjev frihet. men i forhold til kva, ja det er spørsmålet no. kjenner kor lei seg den kvite elefanten vert der han står i båsen sin. elefanttårer er på vei… «
«den kvite elefanten vil fortelja meg noko, men eg veit enno ikkje kva.»
Stikkord:behov, elefant, elefanttårer, frihdom, kvit, lei seg, tryggheit
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 13, 2010
Drøm kom på bloggen: Rolege elefantar er plasserte i båsar, den siste kvit og aggressiv. Ho må trekke seg unna. Han kan trampe henne i hel. 8:53 PM May 11th
Kva er ein elefant? Ein elefant er ikkje ein elefant. Alle har sin eigen elefant. Eg ventar på hennar. Eg kjem på min, eller mine! Minst to! 9:05 PM May 11th
Plutseleg er det elefantar i kveldssamtaler og morgontankar. Ein Royal Elephant med Charisma Cologne kjem fram frå hylla og ser nedtrykt ut. about 16 hours ago
Dei gråbrune elefantane står rolege på kvar sin bås. Ho stryk dei lett på baken. Ein og ein og ein. Den kvite elefanten kan ho ikkje klappe. about 15 hours ago
Kva er det du gjer? Eg tek drømmen hennar og skriv han gjennom meg, og ut kjem ein bitte liten elefant og ser på meg. Kva er det du gjer? about 15 hours ago
Stikkord:aggressiv, bak, bås, definisjon, ein og ein, elefant, elefantdrømmetvitring, gråbrun, klappe, kveldssamtale, kvit, morgontanke, nedtrykt, roleg, trampe
Posta under "Elefant i bås", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »