Og kvinna tek utfordringa på strak arm.
Flau, å jau, eg tenkjer på alle dumme ting eg har gjort, å aldri vera god nok, ikkje vera noko for min eigen del, kun for andre.
Men eg hadde gløymt kven eg var.
Eg skammar meg over alt dette.
Eigentleg er flauheita ei skam. Skam over den eg er.
Og draumen om alt eg ynskjer å vera.
Men så er eg jo her og no med mine draumar og skamfølelse.
For slik er jo livet for fleire enn meg.
Ja, nytt liv av daude gror, kjenner det med all angsten og gleda det medfører, alle spørsmåla – Er eg god nok, tru? – Tør eg? – Vil eg?
Ja, det krev mot til å vera menneske.
Kvinna har eigentleg skrivi dette i ein flytande samanheng; det er eg som har sett opp teksta med mye luft mellom. Kvifor? Eg kjende at eg ville gjera ære på teksta, gjera alt saman veldig synleg, så det kjem imot lesaren og skrivaren sjølv.
Det er ei spennande tekst på den måten at det er eit stort spenn i teksta. Her er det på den eine sida dumme gjerningar, aldri strekke til, ikkje vera noko, gløyme, det er skam, død, angst og tvil. På den andre sida er det i teksta også stor drøm, sterke ønske, fellesskap med andre, nytt liv, groing, glede, mot, vilje, vera menneske. Dessutan kallar teksta fram bilde av det som blir fornekta: å vera god, å vera for sin eigen del, å hugse kven ein er. Motsetninga til det som er i overflata av teksta, ligg under: å vera stolt og glad over å vera den ein er.
Stor dynamikk i denne teksta, sprengstoff, dynamitt?
Nå såg eg plutseleg for meg skulpturen som Ola Enstad laga, «Neve med rose»: Ei hand med ei rose sprenger seg opp av asfalten.
Og så var det drømmesauen, som heng åleine død på ein vegg, men livnar til og kjem ned og ut blant dei andre til stor fryd. Blir ikkje sauen nettopp den han skal vera?! Det er også eit fantastisk bilde! Og dette bildet er ditt, kvinne, det er inni deg, du har det i deg det er ein del av deg. Eg blir nesten misunnleg! I alle fall er det eit bilde å vera begeistra for.
Forslag til den som har drømt slik: Bruk dette bildet for det det er! Ta det fram når motløyse, angst og skam kjem! Møt skamma med ein sprell levande sau!
Hei kvinne, korleis var dette?
Stikkord: "Neve med rose", andre, angst, asfalt, avsnitt, åleine, ære, ønske, begeistra, bilde, død, drømmesau, dum, dynamikk, dynamitt, eg, fantastisk, flau, flyteskriving, fornekte, forslag, fryd, gjerning, glømme, gløyme, glede, god, gro, hand, handling, kjensle, kvinne, lesar, livet, luft, menneske, misunnleg, mot, motløyse, neve, Ola Enstad, rose, sau, skam, skrivar, skulptur, spørsmål, spenn, spenning, sprell levande, sprengstoff, stolt, strekke til, synleg, tekst, tvil, utfordring, vegg, vera, vilje
oktober 23, 2010 ved 10:19 |
veldig givende refleksjoner hos dere begge som har vært fint å følge med på