
Ludmila Pawlowska, utsnitt av "I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta" i Sagene kirke, 10.10.10 Foto Tordis Irene Fosse
Slik var det: Det handlar om å lytte til hjertet sitt.
Og så såg eg at fargen på fotografiet mitt ikkje var god. Nå har eg vridd i brunleg retning slik eg hugsar bildet, men heilt bra vart det nok ikkje.
Gå heller til Sagene kirke! Mye å glede og undre seg over der! Utstillinga varar til advent, og kyrkja er open tysdag, torsdag, laurdag og søndag kl. 12.00-20.00.
Så kan du gå frå bilde til bilde, og er det stille der, kan du lytte til hjertet ditt.
Og i alle fall finn du ansikt. Somme er bitte bitte små, og du må leite godt. Hadde eg hatt eit hjertebarn her å ta med, ville eg gjort det. Men stor som eg er, synest eg likevel det er stas å sjå meg omkring i bildet og finne enda eit ansikt, så ørlite!
Stikkord: ansikt, ørliten, barn, bilde, bitte liten, brun, farge, foto, fotografere, hjerte, hjertebarn, kyrkje, liten, Ludmila Pawlowska, lytte, Sagene kirke, stas, stille, stillheit, stor, utstilling
Legg att eit svar