Kva kan vera tittelen på dette bildet? Prøv deg fram! Spring til Sagene kirke og sjå etter!
Saka er at eg har ikkje svaret, for eg har rota med papira mine. Men eg skal sykle ned til Sagene kirke og sjå etter, det lovar eg. Der er det så lagleg ein orgelkonsert i kveld. Så ein kan få mye på ein gong.
Eg tok altså mange bilde sist søndag. Nei, eg tok dei ikkje. Eg fotograferte dei.
Utan tittel kan eg fabulere fritt. Pawlowska har mye med ansikt, med auge, å sjå, innsikt, å lytte til hjertet, stillheit, vera saman, søke.
Ofte kan ein ane skrift i bilda, men skrifta er knapt nok lesande. Har skrifta komi der på eit tidleg stadium i prosessen? spør eg henne. Er skrifta på ein måte underliggande? Ja, slik er det, seier Pawlowska.
I eit bilde kan ein skimte ord til mamma, som døydde brått for 14 år sidan.
Eg liker dette bildet over. Kan det vera «I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta»? Den tittelen liker eg. Det er fint når det er stille. Kan ein høre når det er stille? Kva hører ein når det er stille? Når ein lyder ordentleg etter? Høre utover og innover… Når ingenting kjem utafrå, da kan ein høre det som kjem innafrå. Å ta imot drømmane sine er å lyde innover. Kjem drømmane frå hjertet?
Det er nok ikkje den tittelen. Eg tok han frå lista over utstillingsbilda, men er det den? Det kan vera augo som ser like mye innover som utover. Men det kan også vera «Søkandet». Eller «Att bli sedd för att kunna se». Nei, det var visst eit raudt bilde.
Stikkord: ansikt, auge, bilde, bra, dø, døden, fabulere, foto, fotografere, fri, høre, hjerte, innover, innsikt, konsert, kyrkje, lesa, Ludmila Pawlowska, lyde, lytte, mamma, mor, orgel, prosess, raud, Sagene kirke, søke, søndag, sjå, skrift, spørsmål, stadium, stille, stillheit, tittel, underliggande, utafrå, utover, utstilling
Legg att eit svar