I det blå

Ei ung kvinne fortel ein drøm ho hadde for eit halvår sidan:

Ho vassar i sjøen, på sandbotn, utover mot havet. Både sjøen og himmelen har vakre blåfargar.

Ho hugsar drømmen som ein deilig drøm og «en betydningsfull drøm som jeg stadig tenker tilbake på».  

Ein enkel drøm? Ein storslått drøm, vil eg seia. Reine liner, store flater, ikkje noe krimskrams. Edvard Munch-aktig kanskje. Eg spør henne, og ja, ho kjenner sanden under føtene og vatnet mot kroppen, men mest av alt er ho opptatt av desse blåfargane. Ho kjenner og ser. Ho har kroppen sin og alt omkring. Ho er på jorda og i vatnet og i lufta og under himmelen – i fleirfaldige element. Ho går framover og tenkjer ikkje på kva som er bak.

Kva slags erfaring har ho med blått? lurer eg på. Kva kjem ho på av blå saker i livet sitt? Når treng ho blåfargar? Kva er veldig ulikt blått? spør eg. Kan ho svara kjapt og ugjennomtenkt på dette? Eller sakte og roleg? 

Dette må vera ein drøm å glede seg over. Kanskje treng ho somme gonger å hugse at livet er godt? Da kan denne drømmen gi henne eit styrkande bilde å ta inntil seg: Så stort og nært og vakkert er livet også! Korleis vil det vera å setta inn denne «medisinen» når livet kjennest heilt annleis – dersom det inniblant altså kjennest heilt annleis? Korleis kunne det vera å begynne dagen med å tenkje eller kjenne seg inn i denne drømmen?

Stikkord: , , , , , , , , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: