Eg er heldig som får høre andres drømmar. Slik kan eg koma nær andre, og slik kan eg koma nær meg sjølv, og verda blir større og meir fargerik. Nå har eg fått eit blått bilde av denne unge kvinna. Når eg gjer det til mitt bilde, kjenner eg at det er eit bilde som kan gi fred og mot, eit bilde som opnar for noe stort. Kanskje er ikkje livet så forferdeleg komplisert likevel? Eg har ein kropp, og elementa er rundt meg, og eg har retning, og eg kan ta inn det som er.
Har du ein drøm å gi bort? Vil du ha ein drøm?
Stikkord: bilde, blå, element, fargerik, få, fred, gi, kjenne, komplisert, kvinne, mot, nær, open, retning, stor, ta imot, verda
Legg att eit svar