Det spør Schrödingers katt om 3.6.10. Kvar kjem drømmane frå? Kva er opphavet til drømmar? Betyr drømmar noe? Kan vi bruke drømmar til noe?
Programmet er allsidig, innhaldsrikt og medrivande, med utsegner frå mange forskarar som har mange slags vinklingar og forskingsprosjekt, dessutan med glimt av forteljingar om drøm, og av personar med ulike drømmemønster.
Konklusjonen er at drømmar styrker helsa, løyser problem, hjelper oss å overleva, viser oss korleis vi kan koma gjennom neste dag, viser ein meir visuell og intuitiv tilnærmingsmåte enn det som er vanleg i vår kultur, hjelper oss å knyte hendingar i nåtida til hendingar i fortida og til framtida.
Drømmar har ført til nobelprisar, vitskaplege oppdagingar, politiske hendingar, romanar og filmar.
Programmet legg mye vekt på hjerneforsking. Programmet seier ingenting om korleis ein kan utvikle drømmen vidare.
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/642034
Stikkord: drømmemønster, film, forsking, forteljing, fortid, framtid, helse, hjerne, intuitiv, kultur, nåtid, nobelpris, opphav, politikk, problem, roman, Schrödingers katt, visuell, vitskap
Legg att eit svar