«Da ropte jeg sanseløs av skrekk:
Det har ikke hendt! Jeg sover!»
Slik sluttar eit dikt av Inger Hagerup. Det står i diktsamlinga Drømmeboken frå 1955 i ei avdeling på sju dikt med same namnet, og eg har i alle år unngått å legge merke til at fleire av dikta temmeleg tydeleg hentar stoff og struktur frå drømmar! Det er ganske underleg at ei bok kan stå der i hylla år etter år og ha ein tittel som ein ikkje tek ordentleg innover seg. Vel, nå ser eg tittelen. Hei bok!
Inger Hagerup skal slett ikkje skuldast for å avvise drøm som usant og uviktig, som ”det har ikke hendt”. Ho hever nettopp drøm opp i lyset ved å la drømmar bli tekst og koma på boksider, koma ut til fellesskapen, ut til oss andre som sitt her meir eller mindre vakne midt inni ymse liv. Ho legg drømmen ut i det ytre. Fiksjon? Ja vel, men også her ute.
Det har ikkje hendt. Det hender og det hender. Det står der og står der. I 1955 og i 2010.
Stikkord: dikt, fellesskap, fiksjon, Inger Hagerup, livet, sant, tid
Legg att eit svar