Eg vil prøve meg med flyteskriving med startpunkt i det mest kritiske punktet i drømmen. Flyteskriving betyr at eg skriv jamt framover utan å stoppe, utan planlegging, utan å bekymre meg og kritisere og korrigere. Jau, eg har lov til å bekymre meg, men da kan eg skrive det inn i teksta med ein gong. Hovudgrepet er å skrive heile tida.
Eg startar:
Eg står der og kan ikkje replikkane. Ingen kan hjelpe meg. Alle ser meg. Eg gjer ikkje det eg skal. Eg er ein fiasko. Kva skal eg finne på? Her står eg utan eit ord. Kva skjer? Det er jo noe rundt meg. Kan eg seia noe i forhold til det? Er det ingen andre som seier noe? Uff, eg kjem på Luther: ”Her står eg og kan ikkje anna. Gud hjelpe meg. Amen!” Var det ikkje slik? Det blir litt for storslått. Eg er vel ingen Luther! Så pinleg! Men det er jo noe i det. Er det ikkje slik det er? Er det ikkje slik livet er? Vi står der og kan ikkje anna. Vi er nokså hjelpelause. Eller vi treng hjelp. Vi greier ikkje alt åleine. Nå kjem eg jammen på meir kristeleg, det der om å vende blikket mot fjella og spørja kvar hjelpa mi skal koma frå. Dette står skrivi på ein stein ved Bakkehaugen kirke. Og hjelpa skal koma frå den som har skapt himmelen og jorda. Det er ordna slik at hjelpa ligg i skaparverket, tenkjer eg da. Det finst hjelp å få. Denne skrivinga gjekk i ei heilt anna lei enn eg hadde tenkt. Eg er slett ikkje fornøgd med det. Kvar vart det av utgangspunktet? Jau, eg står der utan replikkar. Kanskje eg berre kan stå der ei stund. Eg kan stå der ganske roleg, og så ser vi kva som skjer. Det treng vel ikkje skje noe heile tida heller. Det blir kanskje ikkje som publikum og medspelarane hadde tenkt. Men ok da. Slik vart det.
Nå har eg lesi gjennom det. Og eg synest det skjedde mye på noen minutts skriving. Situasjonen snudde seg faktisk på ein uventa måte, enda så mye trening eg har både i arbeid med drøm og med flyteskriving. Fiasko-kjensla snudde seg jo ikkje akkurat til suksess, men suksess vart temmeleg unødvendig. Så her sitt eg ganske roleg og skriv og tenkjer at dette skal sanneleg ut på bloggen.
Stikkord: andre, åleine, bekymre, blikk, blogg, fiasko, fjell, flyteskriving, fornøgd, Gud, himmel, hjelp, hovudgrep, jord, korrigere, kristeleg, kritisere, kritisk punkt, Luther, medspelar, pinleg, publikum, replikk, roleg, skaparverk, skje, skriving, stopp, suksess, uventa drømme-ego
Legg att eit svar