nei, ikkje at eg låg og eg datt. Eg drømte at eg var på sykkel. Framafor meg er ein gut på sykkel med veslebror sin bak, ein veldig liten veslebror. Det ser litt uttrygt ut. Eg snappar til meg den vesle guten utan at storebroren merkar det. Han syklar vidare. Eg blir litt bekymra for korleis han vil reagere når han trur at han har mista veslebror sin. Fyrst har eg guten bakpå, men så tek eg han godt inn i fanget mitt. Han er liten og varm. Eg syklar på ein liten barnesykkel, kanskje trehjulssykkel, og det kjennest rart, men det går. Det er nedoverbakke. Vi kjem til ein kvass sving. Det blir lenger enn nødvendig dit eg skal, dersom eg held fram rett framover. Det er snø og skiløyper i vegen nå, utan at det gjer noe spesielt med syklinga. Eg tek svingen greitt og er nå i ein svak oppoverbakke.
Stikkord: bak, bakpå, barnesykkel, bekymra, fang, gut, kvass, liten, merke, miste, nedoverbakke, oppoverbakke, rart, rett framover, skiløyper, snappe, snø, storebror, sving, sykkel, sykle, trehjulssykkel, uttrygt, varm, veg, veslebror
Legg att eit svar